Gjennom åra er det mange som har komme med sine tankar, opplevingar og erfaringar til oss i NEG. Vi vil gjerne ha fleire.

Saman bygg vi Noreg si kulturhistorie nedanifrå. Kulturhistoria er historia om korleis vi menneske har levd saman i stort og smått. Det er historia om skikkane våre, om utstyret vi brukar og om korleis vi behandlar kvarandre.

Dette kan du bidra til på fleire måtar. Du kan til dømes skrive fast for oss. Du kan også svare på berre ei undersøking om det er eit tema du er særskilt interessert i. Kjenner du nokon som kunne vere interesserte i å skrive for oss? Tips dei gjerne! Det einaste kravet vi har er at du kan skrive norsk eller engelsk, og at du kan lese norsk.

Kontakt oss her.

Ønskjer du å skrive fast for oss mottek du tre-fire undersøkingar om ulike tema i året. Desse kan du få på e-post eller som brevpost. Du treng ikkje svare på alle undersøkingane. Det er heller ingen fristar for når vi treng svara. Du kan til og med svare på undersøkingar  vi har sendt ut tidlegare om eit tema skulle vere av særskilt interesse. Du treng heller ikkje svare på alle spørsmåla i dei enkelte undersøkingane.

Svara vi får inn er med i trekninga av flakslodd og bokgåver. Alle som skriv fast for oss får julehelsing der vi tek opp tema frå nye og gamle spørjelister. Mange av medarbeidarane våre tek vare på eigne svar som ein måte å skrive eiga livshistorie på. 

Vi er flinke til å lese, og forstår både handskrift, skrivemaskin og datamaskin. Vi er dessutan ikkje oppteken av rettskriving eller grammatikk. Det er det som du har å fortelje som er i fokus, sjølv om det skulle vere på sida av temaet til den enkelte spørjelista.

"Her sitter jeg og skriver for NEG." Bildet er innsendt saman med svar på ei spørjeliste.

Alt materiale som blir sendt inn blir tatt vare på i vårt arkiv. Før arkivering stryk vi ut namn slik at dei er anonyme. Så er det tilgjengeleg for forskarar og andre. Vi som arbeider ved NEG har ansvaret for at det som de har skrive til oss blir behandla med respekt, og i høve til gjeldande lovar og god forskingsskikk. Her kan du lese meir om kva vi gjer med svara vi får inn.