Som arkiv har vi i Norsk etnologisk gransking drive med ”crowd sourcing”, og ”wiki”skaping i 65 år ved å få folk til å skrive til oss om liva sine. På papir. Og arkivert på papir. Ikkje er det spesielt miljøvennleg. Heller ikkje lett å søke i for forskarar. Så, korleis kan vi gjere det på betre måtar?

Medarbeidarane

Dei faste svararane våre, medarbeidarane, har trufast sete ved kjøkkenbordet med kaffikoppen og svara på spørsmål. I desse dagar svarer dei om minnemarkeringane etter 22. juli, barneoppdraging, vald i parforhold, engasjement i klubbar og foreiningar og å ha det keisamt. Slik bidreg dei til å bygge arkiv med samlingar av erfaringar frå daglegliv.

Talet på faste medarbeidarar minkar. Blant dei rundt 200 er godt vaksne overrepresentert. Dei har verdifulle minne og erfaringar, men vi treng nyrekruttering og erfaringar frå andre grupper i samfunnet manglar.

For at vi skal ha eit godt arkiv treng vi erfaringane frå alle slags menneske. Vi må altså vere relevant for dei som skriv og dei som kan tenkast å skrive for oss.

Å sende ut i papirformat har fungert godt lenge. Men stadig fleire er vane med e-post, Facebook, blogginnlegg og så bortetter få tastetrykk unna. Då kan det virke fjernt å bli medarbeidar, om ein i det heile tatt får vite om oss. Å sende ut digitalt blir i ein slik samanheng ein sjølvsagt måte å vere tilstades der folk er merksame.

Digitaliseringa av innsamlingsmåten vår gjer det mogleg på sikt å tilby fleire nærliggande tenester vi håper gjer skrivinga meir attraktiv. Svara kan til dømes bli samla til ein biografi. Samstundes som at ein er med på å bidra til historieskrivingsprosjektet for ettertida får ein auka eigarskapen til det ein sjølv har skrive.

Tilgjengeleg arkiv

Arkivet må også vere tilgjengeleg for forskarar og andre. Får vi inn spørjeundersøkingane digitalt kan vi også behandle materialet digitalt. I dag må dei som vil nytte seg av materialet kontakte oss, vi hentar opp ønska svar frå arkivet i kjellaren, dei må reise heilt hit, signere på at dei ikkje skal spreie materialet, og på etisk bruk av det. Så sit dei på lesesalen ved kontora våre medan dei blar i svara.

Det er ikkje så tilgjengeleg som vi kunne ønskje oss, til dømes for forskarar som må reise langt. Gjennom dei digitale løysingane slik vi ser dei for oss er det lett å gje tilgang til dei delane av materialet som er ønska brukt, både gjennom at ein slepp å reise til oss, og gjennom at materialet i arkivet kan søkast i på ein heilt annan måte.

Enkel tilgang til tenestene våre, både for dei som gir tekstar til oss (medarbeidarane) og dei som får tekstar frå oss (forskarane), vil bli ei føresetnad for at vi skal klare å dokumentere det vi har i oppdrag å dokumentere. Og så er det så mykje betre for miljøet.

Line Grønstad, NEG